Hurra – 5600 Altibox kundar

Telefiber passerte i Oktober 5600 Altibox-kundar og for oss som ein liten lokal breibandsleverandør, er dette ein stor milepæl.
Det siste året har for oss vore utruleg hektisk. Me har opplevd ein stor pågang då mange ønskt seg fiber til heimekontor, heimeskule, hyttekontor, gaming, underhaldning og tv.

Sjølv om det er gøy å ha eit produkt som mange ønske, har utfordringa vår vore å kunna klara å vareta kundane på ein god måte og ikkje minst få kopla dei opp så raskt som mogleg. Me har komme langt med to nye tilsetjingar i stillingar som berre handterer kundar, men me har enno eit godt stykke igjen til me er der me ønskjer å vera.

Men me forbetrar oss stadig, både med auka bemanning, betre interne prosessar, betre nettsider og ikkje minst meir sjølvhjelp. Alt dette for å best mogleg å kunna vareta kundane våre slik at me blir den føretrekte leverandøren av breiband og underhaldning

Relevante artiklar