12 år på rad, med Noregs mest fornøgde kundar 🥇

Gøy med gull dei første 11 åra, men det var det 12. året som verkeleg gjaldt. Takk for tilliten, spesielt i år!
Det siste året har kravd ekstra mykje av oss alle – med heimekontor, heimeskule og lite fritid utanfor dei fire veggene i huset. Det betyr derfor ekstra mykje at Altibox-partnarskapet for 12. år på rad har dei mest fornøgde kundane i bransjen, både for privat- og bedriftsmarknaden, ifølgje Epsi Rating Noregs årlege kundetilfredsheitsanalyse. Les meir om Epsi her.

– Fjoråret førte til ein plutseleg auke i bruk av internett og konsum av underhaldning. Når kundane stiller høgare krav til tv og internett, er det ekstra gledeleg at me igjen endar opp med dei mest fornøgde kundane, seier administrerande direktør Tor Morten Osmundsen i Altibox.

Auke frå i fjor

Altibox får ei kundetilfredsheit på 70,6 i kategorien breiband for privatmarknaden, eit hestehovud føre bransjegjennomsnittet på 62,5. Skåren er ein markant auke på nesten to prosentpoeng for Altibox, medan den generelle bransjeskåren har gått litt ned.

I kategorien tv-distribusjon har de også gitt oss ein skår på over 70 – også dette opp nesten to prosentpoeng frå i fjor. Bransjegjennomsnittet her er på 61,3 prosent.

Dette motiverer oss skikkeleg, og me skal jobba hardt det neste året for å forbetra oss endå meir!

– Me trur at våre partnarars langsiktige arbeid med å byggja ut solid fibernett med høg kapasitet er ein del av forklaringa på resultatet. Nettet vårt tolte pandemien godt, og det trur me kundane sette pris på, seier Osmundsen.

Netflix i boks

I tillegg til godt og stabilt nett, held me fram med å fylla på med innhald du kan velja med poeng. Som første tv-leverandør i Noreg, kan du no velja Netflix inn i tv-pakken, dersom du har vår nyaste dekodar, Modell A. Det kan du lesa meir om her.

– Mange av kundane våre synest at det er praktisk å ha tilgang til eit digert underhaldningsunivers på éin stad. Hos oss har ein valfridom til å sjå innhaldet ein har mest lyst til å sjå, på det tidspunktet ein sjølv ønskjer, seier produktsjef i Altibox, Thor Odin Solsem.

Her finn du ei oversikt over anna innhald du kan velja med tv-pakken frå Altibox.

pariatur. Excepteur sint occaecat cupidatat non proident, sunt in culpa qui officia deserunt mollit anim id est laborum.

Relevante artiklar