Prosjektet får statleg støtte via Vest-Telemark Næringsutvikling AS (VTNU), og Telefiber i samarbeid med Vest-Telemark Kraftlag kan difor tilby fibertilknytning til fastbuande med ein etableringspris på kr 2000,- som inkluderar heimesentral og oppkopling. Kunden må sjølv syte for evt. gravearbeid om straumkabelen i dag gjeng i grøft utan ledig fiberrøyr.
Telefiber AS samarbeider med Notodden Energi om sal av Altibox-tenestar i Vest-Telemark. Altibox tilbyr internett-, tv-, og telefontenestar.
Dersom De er leigetakar ber vi om at eigar av huset vert informera om dette tilbodet.
Prosjektet vert igangsett så snart som råd. Telefiber og VTK ynskjer difor tilbakemelding på kven som ynskjer å benytte seg av tilbodet.
Ved spørsmål kontakt:
Telefiber AS på tlf: 35 07 57 40 eller e-post: postmottak@telefiber.no
Vest-Telemark Kraftlag v/Tor Erik Sivertsen på tlf: 35 07 57 13 eller e-post: tesi@vtk.no

