Altibox fritid

Lynrask fart, overlegen kapasitet og unik
stabilitet med fiberbreiband frå Telefiber.

Tv og internett

I burettslag er det styret som avgjer om Midt – Telemark Breiband kan leverast til deg som bebuar. Ta kontakt med styret i burettslaget ditt/sameige dersom du ønskjer Altibox-tenester. Er du så heldig at burettslaget/sameiget allereie har ein avtale med oss, kan du oppgradera til fleire tenester eller meir innhald. Som bebuar i eit burettslag eller sameige, får du tilbod om dei same tenestene som andre burettslag -og sameige som har tenester frå oss.  Avhengig av kva fellesavtale burettslaget ditt/sameige har valt, kan du sjølv oppgradera abonnementet ditt med meir tv- og strøymetenester eller høgare internettfart. Har du ein Altibox tv-grunnpakke frå oss har du faste kanalar, og dessutan poeng som du kan bruka til valfritt innhald. Burettslaget ditt/sameige kan velja blant fire ulike pakkar i ein fellesavtale:

Slik får du Altibox-pakke til bustadselskapet ditt

Bebuarar etterspør i større grad valfridom, og derfor har Altibox lansert avtaleforma Fiberaksess. Fiberaksess gir låg felleskostnad, og kvar enkelt husstand avgjer sjølv behovet sitt for tv, breiband og fasttelefon. Alle bebuarar får fridom til sjølv å bestemma sine produkt og tenester til gunstige prisar.

Ja takk, gi meg eit kollektivt tilbod

Spørsmål & Svar

Som regel dekkjer me alle kostnader for bygging av fibernettet og installasjon av utstyr i bustadene, i byte mot ei føreseieleg avtaletid med burettslaget/sameiget.

Den månadlege abonnementsprisen varierer noko og blir berekna ut frå kostnadene me får ved å levera. Talet på bueiningar, type bustader og plassering er faktorar som speler inn på prisen. Meld interesse for å få pristilbod til burettslaget ditt/sameige.

Du startar med å melda interesse eller ta direkte kontakt. Innan få veker vil du få eit tilbod som kan presenterast til resten av styret, der de vedtek avtalen eller tek den vidare til årsmøte for avstemming.

Når avtalen er i boks, må du hugsa å seia opp noverande leverandør, som antakeleg har tre månaders oppseiingstid. Me avtaler ein dato for oppstart av faktura, slik at de unngår å bli belasta dobbelt.

Ja, me tilbyr kvar bueining eigen 1000/1000 Mbps til ein konkurransedyktig pris.

Ja, med mindre de allereie har fiberoptisk infrastruktur (single-modus fiber) som går heilt inn til kvar bueining. I så fall avdekkjer me det på synfaringa.

Enkelte gonger må me fjerne den gamle koparkabelen for å gjera plass til fiberkabelen. Derfor aktiverer me tv/internett samtidig som me installerer i bustadene, slik at me unngår at bebuarar sit utan signal.

Nei, den nye tv-dekodaren vår fungerer både kabla og trådlaust (Wifi), sjå https://www.altibox.no/privat/kundeservice/tv/modell-a/wifi-1/

Man kan også bruka Altibox-appen på f.eks ein Apple TV: https://www.altibox.no/privat/kundeservice/tv/appletv/

Bustadeigar må berre gi oss ca. 30 minutts tilgang til bustaden, der montøren vår trekkjer inn fiberkabelen og veggmonterer ein heimesentral, og deretter set opp tv-dekodar som er inkludert i avtalen.

Passord til den integrerte WiFi-en blir sendt på SMS til bustadeigar. Frå heimesentralen trekkjer me ein nettverkskabel (Cat6) til tv-en, set opp tv-dekodar og sjekkar at alt fungerer.

Ved behov vil montøren vår gi bustadeigar ei kort opplæring. Dersom bustadeigar treng hjelp til å få sett opp ekstra Wifi-punkt eller tv-dekodarar, så blir dette avtalt direkte mellom montøren og bustadeigar.

Bygningseigar, altså burettslaget/sameiget, eig fiberkablane som er inne i bygget. Dersom de ikkje er innanfor bindingstid, så bør kva leverandør som helst kunna overta bruksretten til denne infrastrukturen.

Normalt gjeld ein avtale i fem år. Etter fem år er det ofte ønskjeleg å fornya ein del av utstyret/boksane og produkta, og då møtest me for å fornya avtaletida. Oppgraderingar og tilleggsprodukt som bebuar kjøper, har inga bindingstid.

Alle får den same grunnavtalen, som inneheld fleire pakkar som kvar bustadeigar sjølv vel mellom. Alle som vel ein pakke med tv-teneste, vil få nokre vanlege faste kanalar som me er forplikta til å levera. Utover desse kanalane kan kvar bustadeigar sjølv setja saman tv-pakken sin.

Éin gong per månad. Akkurat no er det slik at kunden må kontakta kundesenteret vårt for å få utført bytt. Før installasjon kontaktar me kvar del-/seksjonseigar for å avklara kva pakke som passar best.

I tillegg til dei faste kanalane tilbyr me rundt 70 valfrie kanalar og 10 kanalpakkar/strøymetenester. Det dukkar stadig opp nytt innhald hos oss, sjekk her: https://www.altibox.no/privat/tv/innholdsoversikt/.

Bebuar loggar inn på Mine sider for å velja innhaldet sitt og få høve til å kjøpa ekstra poeng. Det tek berre nokre få minutt frå kanal er valde inn til han er klar for bruk på tv-en og i appen.

Ja, dette fordi me må ha moglegheit å tena tilbake kostnadene våre før avtaletida går ut. Dersom de ofte opplever at bustader står tomme, eller de slit med å få inn felleskostnader, så tilrår me ein Fiberaksess-avtale.

Teknisk support er tilgjengeleg heile dagen – alle dagar! Både via chat, Facebook og telefon. Den beste kundeservicen i verda?

Me jobbar hardt for å avdekkja feil og retta desse før bebuarane legg merke til feilen. Dersom feilrettinga tek lengre tid, så varslar me bebuarane på SMS og legg ut informasjon her:

https://www.altibox.no/privat/kundeservice/

Noko meir du lurer på ?🤔

Ved tekniske førespurnader er det ein fordel om du er i nærleiken av
utstyret det gjeld, i tilfelle det viser seg å vera behov for restart eller feilsøk.

Noregs mest fornøgde kundar