Alle som bestillar fiber frå TeleFiber i dag får med det me kallar ein heimesentral. Denne kan ein kople PC, telefon og TV til. Det er likevel slik at både telefon og TV krev sin eigen boks, som igjen skal koplast til heimesentralen. Her er ei oversikt over oppsettet av desse boksane (last ned).
Heimesentral
Etter at TeleFiber har montert heimesentralen hos deg, ser det ut omtrent som dette:

Den nedste delen av heimesentralen er eit laust lokk som du enkelt kan ta av. Innafor ser det slik ut:
Den svarte leidningen er straumen, og den må naturleg nok stå i. Dei 3 andre leidningane på dette biletet gjeng til PC, telefonadapter og TV boks. Avhengig av kva tenester du har bestillar frå oss så har du ein eller fleire av desse. Oppsettet er:
Inngangane er altså merka med 1-4 frå venstre til høgre, der 1 er PC, 2 og 3 er TV og 4 er telefon.
PC og Ruter
Leidningen frå PC utgangen på heimesentralen koplast rett i datamaskina di. Dei fleste nyare datamaskiner har denne typen inngang, medan dei eldre treng å få installert eit nettverkskort. Kabelen koplast i maskina på denne måten:

På dei fleste nettverkskort lyser det grønt så fort kabelen er kopla til i både PC og heimesentral, og begge har straum på.
Om du skulle ønskje å kople til meir enn ein PC, og kanskje ha trådlaus tilknyting, så kan du kjøpe deg ein ruter. Da koplar du leidning frå PC utgangen på heimesentralen inn i ruteren i staden. Under ser du ein ruter der heimesentralen er kople i WAN porten (den som står litt aleine), og ein PC er kopla i ein av dei andre ledige utgangane:
Breibandstelefoni
Dersom du og har bestilt breibandstelefon, så får du med eit telefonadapter. Dette skal koplast i telefonutgangen på heimesentralen. På telefonadapteret brukar du den inngangen som er merka WAN. Deretter koplar du telefonen i LINE1, og får eit opplegg som ser slik ut:
TV over Breibandet
TV er og noko me sikkert kjem til å levere snart. Frå TV utgangen på heimesentralen koplast leidningen inn i set-top boksen (tuneren) ved TV apparatet. I tillegg må du kople til scart kabelen og straum som du kan sjå på biletet under:
Det følgjer fjernkontroll med til denne boksen, så det er viktig at du sett den nær TV apparatet.





