Les e-post

Support

Telefon: 35203019
support@telefiber.no

Kontakt

Telefon: 35075740
postmottak@telefiber.no

Veiledningar – Oppsett av ADSL boksar

Oppsett av ADSL boksar
TeleFiber leverer i dag to tenester på ADSL (breiband over telefonlina): Breiband og breibandstelefoni. Me vurderer og å levere TV over ADSL litt fram i tid. Det blir fort litt mange boksar å halde styr på, og me har derfor sett opp ei oppskrift for å hjelpe til med dette (last ned).

ADSL modem
ADSL modemet er den boksen som sørgjer for kontakt mellom telefonsentralen og heimen din. Me har to slag:

Høgre inngang skal koplast i telefonkontakten i veggen (eller modem utgangen på splitter om du har telefon), midtre utgang skal til PC og i venstre skal straumen koplast til.

Dersom du i staden valde ADSL modem med trådlaus tilknyting, ser den slik ut:


Høgre inngang skal koplast i telefonkontakten i veggen (eller modem utgangen på splitter om du har telefon), dei midtre utgangane skal til PC og i venstre skal straumen koplast til. Om du har PC med trådlaus tilknyting treng du ikkje nokon kabel i midten.

PC
Leidningen frå den midtre utgangen på ADSL modemet koplast rett i datamaskina di. Dei fleste nyare datamaskiner har denne typen inngang, medan dei eldre treng å få installert eit nettverkskort. Kabelen koplast i maskina på denne måten:

På dei fleste nettverkskort lyser det grønt så fort kabelen er kopla til i både PC og ADSL modem, og begge har straum på. Dersom du har trådlaus modem treng du ikkje noko kabel mellom ADSL modem og PC.

Breibandstelefoni
Dersom du og har bestilt breibandstelefon, så får du med eit telefonadapter. Dette skal koplast i den midtre utgangen på ADSL modemet. På telefonadapteret brukar du den inngangen som er merka WAN. Deretter koplar du telefonen i LINE1, og får eit opplegg som ser slik ut med vanleg modem:

Eller på dette viset med trådlaus modem:

PC skal då koplast i telefonadapteret, på den utgangen som heiter LAN. Hugs at telefonen ikkje vil virke før du har registrert deg på Bellit sine sider. Dersom du overfører eit gammalt nummer så vil dette ta opp til 2 veker, og du får eit førebels nummer medan du ventar på at dette skjer.