Les e-post

Support

Telefon: 35203019
support@telefiber.no

Kontakt

Telefon: 35075740
postmottak@telefiber.no

Veiledningar – Ny e-post (Telefiber)

Eit par tips før me startar:

  • Denne guiden er laga for Windows XP. Det betyr at ting ikkje treng å vera heilt like på maskina di. Ingen grunn til panikk! Bare leit etter menyar og ord som liknar på det du ser i denne guiden.
  • Outlook og Outlook Express er to forskjellige program. Dette kan vera litt forvirrande, men bare ver sikker på at det ikonet du trykker på heiter Outlook Express.
  • Det er satt inn engelske ord i parentes for dei som har engelsk utgåve. Dette kan du ignorere om di utgåve er norsk.
  • Det er ikkje sikkert du får opp akkurat dei menyane som guiden seier du vil få opp. Dette er heller ikkje grunn til panikk! Meir om det i sjølve guiden.
  • Her er instillingane for dei som har gjort dette før (elles kan du ignorere denne):
  • Det er ein POP3 server
  • Innkommende server: pop.telefiber.no
  • Utgående server: smtp.telefiber.no
  • Kontonavn: E-post adressa di
  • Passord: Det du fekk frå TeleFiber
  • Alt anna skal bruke standard innstillingar

1: Start Outlook Express som visa under (Start->Programs->Outlook Express):

2: Du vil da få fram ein dialogboks som ser ut omtrent som dette:

Om denne boksen ikkje kjem fram betyr det at du har ein identitet lagt in alt. Gå da til punkt 4.

3: Bruk for eksempel namnet ditt som identitetsnavn. Når du har gjort det trykker du ok.
Om det kjem opp ein boks automatisk etter at du har valt identitetsnavn, kan du hoppe ned til punkt 7.

4: Klikk deretter på Verktøy->Kontoer (Tools->Accounts) oppe på verktøylinja som vist på bildet under:

5: Når du har valt Kontoer får du opp ein ny meny der du vel e-post (e-mail). Den ser slik ut:

6: På menyen på høgre side vel du Legg til->E-post… (Add-> E-mail…) slik du ser under:

7: I det du trykker på e-post får du fram ein ny meny som den under:

8: Her sett du inn namnet som skal visast når nokon får e-post frå deg. Trykk så Neste (Next), og du får fram denne menyen:

9: Her skriv du inn e-post adressa du har fått frå TeleFiber og trykker neste. Du får då fram denne menyen:

10: Her vel du POP3 i øvste delen, og skriv inn pop.telefiber.no og smtp.telefiber.no i dei to neste slik som det er gjort på bildet. Trykk så neste, og du får fram denne menyen:

11: Her fyller du inn e-post adressa di på ny, og det passordet du fekk frå TeleFiber. Kryss av på «Husk passord» om du vil sleppe å skrive inn passordet kvar gong du sjekkar e-posten, og trykk så Neste.

12: Du er nå ferdig med å legge inn den nye e-post adressa, og kan trykke Fullfør (Finish) for å lagre den.

13: Lukk (Close) så lista over e-post adresser med knappen du ser på bildet.

14: Trykk på «Send og motta» («Send and receive»). Om det har kome ny e-post til deg vil den nå bli henta. Elles skjer det ingenting.