1: Kan eg behalde deg gamle nummeret mitt når eg gjeng over til breibandstelefoni?
JA! Breibandstelefonen kan du ta i bruk etter at du har motteke adapteret og kobla det til internett. Du får midlertidig eit nytt nummer, og må vente om lag 2 veker på at det gamle nummeret blir overført. Du må ikkje seie opp telefonen din hos Telenor, det gjer leverandøren av IP-telefon som du bestiller av. Dette fordi om du seier opp abonnementet ditt hos Telenor før du bestiller IP-telefon, risikerer å ikkje få behalde ditt gamle telefonnummer.
2: Kva er breibandstelefoni?
Breibandstelefoni er som normal telefoni, bare at du ringjer over Internett i staden for gjennom det analoge telefonnettet.
3: Kva er forskjellen på IP telefoni og breibandstelefoni?
IP telefoni og breibandstelefoni er to namn på det same.
4: Kva prisar gjeld dersom eg ringjer til mobil og liknande?
Sjekk med leverandør, f.eks. Telio.
5: Kva skjer om straumen vert borte, har ein fortsatt telefon om ein har breibandstelefon?
Om straumen vert borte og breibandsruteren din mister straum, vil du miste internett-tilkoblinga og dermed også IP telefon. Ein kan løyse dette med å ha ein UPS (reserve-batteri) på breibandsruter /telefon. Med analog telefon har ein normalt telefon om straumen vert borte, då denne får straum frå batteri i tele-sentralen.
6: Må eg kjøpe ny telefon når eg gjeng over til breibandstelefoni?
Analoge telefonar fungerer fint med breibandstelefoni. Unnataket er ISDN telefonar, som ikkje kan brukast mot IP-telefon adapteret, da dette normalt er laga med utgang for analog telefon.